text
stringlengths 0
19.4k
| timestamp
timestamp[ms] | url
stringlengths 0
2.09k
| source
stringclasses 4
values |
---|---|---|---|
Apropo japanske rollespel lanserer Nintendo ein utvida og oppussa versjon av Game Boy Advance-rollespelet Mario & Luigi: Superstar Saga + Bowser's Minions på 3DS. Dette er derimot ikkje alt Nintendo har å by på denne månaden. Fire Emblem Warriors lanerast på Switch og 3DS. Du gjettar det kanskje av namnet, men dette blir eit actionspel frå utviklarane av Dynasty Warriors-serien der du skal denge laus på store mengder fiendar.
Nintendo Switch får òg besøk frå det vakre og herlege eventyrspelet Rime. Fekk du ikkje dette spelet med deg tidlegare i år, bør du nytte sjansen no. | null | OSCAR-2019 |
|
Det har vore stille frå meg dei siste dagane pga det herlege fine sommerveret vi har hatt! Når det er slikt ver kan ein ikkje gjere anna enn å vere ute og nyte! | null | OSCAR-2019 |
|
Vi har ein del til felles, du og eg. Men ikkje papira. Ikkje vala. Ikkje økonomien og ikkje arbeidstida. Og ikkje statusen.
Dei hadde eit interessant syn på ungar, foreldra mine. Dei gjekk ut ifrå at vi var intelligente. Så då gjekk eg ut ifrå det same, antar eg. I alle høve lærte eg å snakke tidleg. Då eg var to, syntest eg det vakraste i verda var Terje Vigen, så eg lærte dei fyrste åtte versa utanåt, noko som sjølvsagt var ein suksess i diverse vaksenforsamlingar. Mor mi las og las for meg, og medan ho las, drog ho fingeren langsmed orda. Eg var vel ein fire år då eg las sjølv. Far min song, så eg kunne haugevis med songar – alt ifrå salmar til Knudsen og Ludvigsen. Sidan eg var det første barnet deira, tykte dei vel dette var heilt normalt og som forventa. Det dei ikkje heilt hadde forventa, var at eg hadde ei unormalt tidleg interesse for fargestiftar. Eller pennar, blyantar, krit og stein – kva som helst eg kunne lage strekar med. Mor mi studerte spesialpedagogikk og var skråsikker på at ungar ikkje viser interesse for slikt før dei nærmar seg to år. Men då eg i ein alder av elleve månader hadde laga krusedullar på alle golv og trapper og tapet opp til om lag knehøgda, kapitulerte ho og gav meg ei teikneblokk.
I dette pappeskelivet vart det klart for meg at det var tre ting ein ikkje kunne leve utan: fars gitar, teiknepapir og leksikon. Om dei i det heile var pakka ned, var dei det første som vart pakka opp. Gitaren var sjølvsagd – han kom fram kvar gong far fekk ånda over seg (og det var ganske ofte), kvar gong det skulle vere selskap eller møte, kvar gong vi borna ville høyre ein ny song, og om vi var riktig heldige, om kvelden, før vi skulle sove. Då song han tostemt med mor mi, og det var det vakraste eg visste.
Teiknepapiret var kort sagt nødvendig for mor mi. Elles måtte ho sjå seg nøydd til å vaske veggar, prøve å fjerne teikningar i bibliotekbøker eller lese ugjenkjennelege aviser. Leksikonet, derimot, var ikkje like ofte framme, men heilt nødvendig å ha ståande klart. Vi spurde nemleg far om alt. Om korleis fuglevengar er laga, om kvifor bokstavar ikkje er like på alle språk, om ein ikkje eigentleg kan ete søle. Far kunne fortelje noko om alt, og veldig ofte førte det eine spørsmålet til tjue andre. Og om han då ikkje kunne svare, måtte vi sjå i leksikon. Og då vart det lesestund i sofaen, ved kjøkkenbordet eller rett og slett på golvet. Alt ettersom.
Eg har ei karakterbok frå barneskulen. Vi fekk jo ikkje karakterar, men fordi vi ikkje skulle følgje berre ein skule opp igjennom, blei det notert ned halvårsrapportar som vi skulle ta med til neste skule. Eg hugsar veldig godt ein av dei rapportane. Der hadde læraren skrive at eg var flink i alle fag, utmerka meg i språkfaga, musikk og handarbeid, men at eg jobba sakte. «Nydeleg, men sakte» var orda ho brukte. Og visst var dei nydelege, oppgåvene eg leverte frå meg. For å få tida til å gå øvde eg meg på forskjellige former for skjønnskrift. Gjerne med illustrasjonar i margen.
Den beste læraren eg hadde, var truleg han eg krangla mest med. Asbjørn heitte han, og var steingamal. Han pla førelese for oss med streng stemme, og blei like galen kvar gong han oppdaga at eg sat og drodla i kladdeboka i staden for å notere eller sjå på tavla. Han kjefta og trua med å ta ifrå meg blyantane om eg ikkje kunne følgje med, heilt til den dagen eg la kladdeboka på kateteret og bad han spørje meg om kva som helst frå timane vi hadde hatt. Han spurde surt om inkariket og aztekarane, det hadde vi lært om før haustferien. Eg bladde opp, fann ei side med teikningar av fjør og ørner, og små rare ord i hieroglyf-stil. Og så la eg ut om dei store indianarrika. Han stilte eit par andre spørsmål, eg fann fram bilete av alvar, hestar, riddarar og sko, kvar side gav meg assosiasjonar til timen vi hadde hatt. Frå då av kjefta han ikkje, og eg prøvde å ikkje forsvinne heilt i drodlinga, men vere klar når han stilte spørsmål som kravde kjappe svar.
I det miljøet skilde eg meg ikkje så mykje ut heller, på den eine eller andre måten. Skuleklassen var fylt av relativt kunnskapsrike ungdommar – du trong gode karakterar for å komme inn på dramalinja. Dei fleste var òg særlingar, i rare klede og dramatiske fakter. Det kjentest vedunderleg å ikkje lenger vere den snodigaste. Sjølv om eg framleis stilte spørsmål andre ikkje gjorde, særleg i naturfagtimane.
Eg las metervis med bøker. Spesielt inntrykk gjorde Orwells 1984. Eg har ikkje makta å lese ho igjen, det er ei brutal historie. Men ho sette ord på eit verdssyn eg lenge hadde leita etter – ei verd av propaganda og omforming av ord, av definisjonsrett og fordumming. Eg las Doris Lessing og Terry Pratchett, Jan Guillou og Maria Gripe. På kvar sine måtar gav dei meg alle ei oppleving av at verda slett ikkje er det enkle, meiningslause kvardagsskodespelet – at det ikkje var eg som var dum og ikkje forstod, men at folk rundt meg ikkje tenkte. Dei berre gjorde, og det gav dei den sjølvsikre vissheita. Eg tenkte framleis at eg var treig, men eg byrja lure på om eg kanskje var intelligent.
Då vi gjekk frå kvarandre etter eit par år, kjærasten og eg, innsåg eg at eg måtte gjere nokre konkrete val. Å leve som kunstnar og deltidsmor var uaktuelt. Lengre studium innanfor fagfelt eg ikkje brann for, like så. Eg tråkla nettet igjen. Eg trong ei rask løysing, noko handfast og greitt, som ville gje meg pengar til mat, klede og underhald. Det fanst eit eittårig studium som heitte advokatsekretær. Eg gjekk for det.
Eg er trettifem år, aleinemor og sekretær i ein barnehage. Var det den oppsummeringa av status du venta då du begynte å lese? Funderer du på kvar det gjekk gale? Tenkjer du at eg kastar bort resursar, eller at det er ein eller annan tragedie i dette? Du er ikkje aleine om du gjer det.
Eg er ikkje heilt sikker på storfamilien og kjende. Eg trur nokre av dei synest synd på meg. Eg har hatt ein heil del vonde opplevingar i livet, og kanskje trur dei at karrierevala eg tok, kjem av låg sjølvtillit, utmatting eller ein eller annan mangel. Det er sikkert lett å tenkje slik, for kvifor skulle eg velje noko med så låg status og liten økonomisk gevinst som å bli sekretær? | null | OSCAR-2019 |
|
Trass i galeiane taua seglskipa sørover, var det ikkje nok galeiar, og den osmanske flåte med 52 seglskip, inkludert om lag 44 slagskip og fire galeiar, vart sett i sør, på vestsida av inngangen til bukta, den 19. juli. Med ein lett vind frå søraust tydde dette at osmanarane hadde fordelen. Diedo kunne ikkje segle vest for den osmanske flåten, og valte derfor å segle langsamt austover, til andre sida av bukta.
Venetianarane mista eit slagskip som vart nytta som sjukehusskip og eit brannskip, samt at mange fartøy var hardt skadde. Dei fekk 223 drepne og 257 skadde mann. Den osmanske flåten mista 14 skip. | null | OSCAR-2019 |
|
Då er vi klare til å ta i mot påmelding til verneombodskurs. Kurset går av stabelen i Stjørdal frå og med måndag 29. oktober til og med torsdag 1. november, på Scandic Hell Hotel. | null | OSCAR-2019 |
|
Men etter kristendommen vart innførd, og Olav Haraldssons kristenrett vart lov, fekk kjerka hand om mange gardar. Dei som budde på desse gardane, vart leiglendingar. Dei måtte betala skatt til kjerka. | null | OSCAR-2019 |
|
Det ser ut til at kjerka og andre jorddråttar åtte mesta all jorda i Drevja rundt 1500-talet: Drevland er den einaste garden som er nemnd som odelsgard. - Dei strok av bygda som ikkje var busett før reformasjonen, vart og lagde under krona. Dei som rydde seg heimar der vart og leiglendingar.
Dei gamle storættene på Helgeland fekk ein hard knekk under Harald Hårfagre. Då kristendomen vart innførd med tvang og makt gjekk det og utover dei bygdehøvdingane som ikkje ville bøya seg.
Men det vart då nokre storætter att på Hålogaland. Eg nemner Gidske-ætta og Bjarkøy-ætta. Desse storættene og andre ætter samla seg store rikdomar, serleg av jord. Denne samlinga av gardar vart kalla Dønnes gods. Det kom vel av det at ein av godseigarane, Peder Tønder, busette seg på Dønnes gard då han vart amtmann i Nordland i 1691.
Brukarane på Stiftels-gardane hadde ikkje rådvelde over skogen. Det var tilsett skogyaktar i Drevja. Han skulle merkja det tømmeret brukarane skulle få. Elles skulle han sjå etter at det ikkje vart hogge ulovleg.
I 1880-90-åra var Hans Holand skogvaktar i Drevja. Dei gardane der det ikkje var tømmerskog nok til bygging og omvøling av husa, fekk utvist tømmer frå skog-gardane oppe i Drevja. Dei betala ikkje noko for det, men dei måtte sjøl hogga og driva det fram.
Eg nemnde at gardane vart selde kring hundreårsskiftet. Så var det. Og ein kan ikkje sei a anna enn at både pris og vilkår var rimelege. Prisen låg mellom 1500 og 3000 kronor alt etter stor- leiken. Skog-gardane vart sjølvsagt noko dyrare. Men det var mange som selde skog for meir enn dei gav for garden. | null | OSCAR-2019 |
|
Fitjar kraftlag vart stifta 10. april 1935 med føremål å byggja ut kraftverk og overføringsliner. I 1951 vart kraftlaget omdanna til eit parteigarlag slik det er i dag. 90 prosent av partane er i privat eige, medan Fitjar kommune eig 10 prosent. | null | OSCAR-2019 |
|
Ansvar og mynde innanfor dette området er klart i Askøy kommune. Det vert rapportert til rådmann i linje frå fagkonsulent for fosterheimsteam.
Erfaringar frå tilsette vert nytta i forbetringsarbeidet mellom anna ved at tilsette deltak ved utarbeiding av rutinar. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg kritiserer ingen datasamkjøringsordning. Eg veit det er ein del feil i materialet frå Fylksarkivet i Sogn og Fjordane. Men eg veit også at dette er materialet som er registrert av folk som abolutt ikkje er spesialistar, og som ein ikkje kan forventa skal gjera det absolutt heilt rett. Og Fylkesarkivet er eit lite arkiv som ein heller ikkje kan forventa har ressursar til å lesa korrektur. Om Egil Thee Danielsen ikkje synest det er godt nok, har eg berre eitt råd å gje: la ver å bruka det. Men me trur at materialet også slik det er har stor verdi for mange andre, og at dei er takksame for den innsatsen Fylkesarkivet har gjort. Det er eg.
Me har ein ny versjon av programmet i høvelbenken. Når den er på plass vil det bli ein variant av det du føreslær. | null | OSCAR-2019 |
|
Rapporteringsskjema pr 30.6.2012 frå barneverntenesta og gjennomgang av mapper syner at det ikkje ligg føre tiltaksplan i alle saker med hjelpetiltak.
Det vert innhenta opplysningar om barnet si fungering frå aktuelle instansar i høve det iverksette tiltaket. Vurdering av tiltaka si verknad vert i liten grad dokumentert. Det er opplyst i intervju at denne vurderinga skjer i møter, og at den ikkje vert skriftleggjort.
Leiinga har ved si gjennomgang ikkje avdekka at vurderinga av tiltaka si verknad i hovudsak ikkje er dokumentert.
Det ligg føre eit avviksrapporteringssystem til bruk i verksemda. Det er opplyst at det på leiarnivå ikkje er tatt stilling til kva som skal reknast som eit avvik innanfor dette området. Det er barnevernleiar som tek avgjerd når det gjeld kva som skal rapporterast til overordna leiar. Leiinga etterspør ikkje rapportering utover dette. Øvste leiar har ein oppfatning av at tal på overskridingar og tal på manglande tiltaksplanar vert rapportert til leiarnivået under ho. Men det er opplyst i fleire intervju at dette ikkje vert gjort. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg er ei glad, nøgd og utåtvend 17 år gammal jente frå Klepp, som elskar å halde på med utøvande song og skodespel. | null | OSCAR-2019 |
|
Dette lurte eg på ein gong óg, og i følgje Yngve Nedrebø er det ein rein lesefeil av avskrivaren. Det skal vere "Enkemand". | null | OSCAR-2019 |
|
Statistikk over legemeldt sjukefråvær, henta frå Rikstrygdeverkets database, vert sett på som ein indikator på at NTNU lukkast i dette arbeidet.
Tilsvarande tal frå undervisning og statleg forvaltning er på henholdsvis 5,8 og 5,4 prosent. I heile landet er det gjennomsnittlege legemeldte sjukefråværet for 2005 5,8 prosent.
Andre del av rapporten er eit samandrag av årsrapportar henta inn frå ulike einingar tilknytta NTNU.
I siste del av årsrapporten vert det lansert ei rekke tiltak mot vedtatte mål for arbeidet i 2006, basert på erfaringane ein har gjort seg frå året før. | null | OSCAR-2019 |
|
Namnet midlandsk refererer til den geografiske plasseringa midt i Sør-Noreg. Men namnet kan også visa at talemålet her ligg midt mellom austnorsk og vestnorsk. På den eine sida har midlandsk ei rekkje karakteristiske austnorske trekk (til dømes kløyvd infinitiv og tykk l), og på den andre sida ein del språktrekk som peikar vestover mot det vestnorske målområdet. I midlandsmåla finn vi en god del arkaiske trekk som stammar frå norrønt.
Hei! Eg lurer på kvifor det "å sløyfe t i bestemt entall av intetkjønnsord (barne)" er eit spesielt særtrekk for midlandsmål. Er ikkje det ein utbredt, ja, ein normal, uttale av det ordet på norsk? | null | OSCAR-2019 |
|
Ferjekaia er ein kjent stad for meg ja. Hadde sommarjobb på MS Geirangerfjord (sightseeingbåten) for mange år sidan og pendla frå Volda (min heimstad) via denne ferja nokre gonger iløpet av sommaren. Ikkje så langt ifrå ligg Petrines Gjestgiveri kor eg hadde ein av mine beste matopplevelsar; hjortegryte a la brimi ;-) Sunnmøre er berre så vakkert. Amen. | null | OSCAR-2019 |
|
Inger og Rita frå ølklubben Humlene vann konkurransen hjå Ægir bryggeri om eit godt øl som skulle presanterast på kvinnedagen 8. mars. Navnet kunne ikkje verta noko anna enn "staute kvinnfolk", dette er ein milkstout som er lettdrikkeleg og god på smak- og nett som med kvinnfolk vert den berre betre ved modning!
Jannicke frå Ægir vil vera til stades, sjølvsagt saman med Inger og Rita- i tillegg til andre staute humler. | null | OSCAR-2019 |
|
I DET SAME TIÅRET - 1970-ÅRA - tok Spania til på marsjen frå diktatur til demokrati. Sosioøkonomiske endringar frå 1960 hadde gjort landet om frå eit agrarsamfunn til eit industrisamfunn, og i 1975 - då diktatoren Francisco Franco døydde - var dei sosiale endringane blitt så store at vegen låg open for dei demokratisk innstilte gruppene som hadde konsolidert seg i kjølvatnet av industrialiseringa. Den spanske overgangen er blitt rekna som så vellukka at han blei ein modell for mellom anna Latin-Amerika då diktatura der smuldra opp frå starten av 1980-talet. | null | OSCAR-2019 |
|
Spørsmålet er om ein i Spania klarer å stoppa eit rettsoppgjerd som kan henda vil få mange skjelett frå borgarkrigen og diktaturet til å falla ut or skapa.
Dette fordi han har gått til rettslege steg for å undersøkje etter kva som hende med dei godt og vel 114.000 forsvunne frå Franco-tida, som ein ikkje veit lagnaden til. | null | OSCAR-2019 |
|
Sander Sanderson (ca. 1550–1636) var ein skotte som slog seg ned i Hallingdal og vart skrivar og bondehovding der. Han var bufast i Hallingdal frå om lag 1590.
Sander var truleg fødd i Skottland, og kom til Noreg seint på 1500-talet. Det er mogleg han var utdanna i Danmark. Nokon meiner han og faren rømde frå Skottland i tida då Maria Stuart rådde, men det var omfattande uro i Skottland jamvel før Maria kom til makta.
Etternamnet Sanderson er knytt til namnet Alexander, eit vanleg namn i klanen Macdonald, der Sanderson eller Sanders og er funne som tliknytta etternamn. Ein teori knyt difor Sander til denne klanen, mest truleg til Macdonald av Glengarry eller Clanranald. Desse slektene fekk bråk med kongen av Skottland i åra kring 1540. Noko beint slektsband har det ikkje vore råd å fastsetja. | null | OSCAR-2019 |
|
Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunne ta | null | OSCAR-2019 |
|
Slike erfaringar kjem ein ikkje gjennom, men ein må leva med dei. Korleis kunne dette skje? Kva kan vi som skulesamfunn gjera for at det ikkje | null | OSCAR-2019 |
|
Sambygdingen min frå Sauda, Kjartan Fløgstad, er enno betre i sine portrett av vondskap. Berre Shakespeare gjer det betre. I «Grand Manila» lagar
røyndomen og på kva som er godt og vondt. Terroren i Oslo har òg plutseleg fått oss til å mista trua på våre eigne definisjonar, både av oss sjølv
Politisk bevisstgjering av elevane er viktigare no enn før. Det er vanskeleg å få til, men terroren i Oslo får truleg ein positiv verknad. Møt òg | null | OSCAR-2019 |
|
Då nynorsken kom til Sogn – glimt frå Jostedalen og Lærdal (Årbok for Sogn 2006) | Nettstaden til Oddmund Løkensgard Hoel | null | OSCAR-2019 |
|
Çorum er ein by nord i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Çorum i Tyrkia. Çorum ligg i innlandet sentralt i Svartehavsregionen i Tyrkia, om lag 244 km frå Ankara og 608 km frå Istanbul. Byen ligg 801 meter over havet og har kring 220 000 innbyggjarar.
Çorum er hovudsakleg kjend for dei arkeologiske funn frå Frygia og hitittane, varmekjelder og ein lokal tørka kikert nasjonalt kjend som leblebi. | null | OSCAR-2019 |
|
Filosofi er ikkje eit eige fag i skulen, men kan gå inn som ein del av arbeidet i eksisterande fag. I filosofiske samtalar er det ikkje formidlinga, men forståinga av fagstoffet som er det viktige: å stille gode spørsmål, å tenkje ut gode resonnement og å sjå ei sak frå fleire sider. Gjennom samtale vil elevane over tid kunne få ei djupare forståing av innhaldet i skulefaga. | null | OSCAR-2019 |
|
Det har gledeleg nok vore ein del merksemd om Mål og modernisering i Dag og Tid. Den 11. mars stod det ei bokmelding av Klaus Johan Myrvoll og eit innlegg av Gaute Losnegård (ikkje på nettet). I dag har Oddvar … Les meir →
I dag er det 125 år sidan nordfjordingen, målmannen og offiseren Edvard Os (1885-1970) vart fødd. Os er hugsa i målrørsla som ein stor strateg og effektiv organisasjonsbyggjar, men òg som ein illgjeten stridbukk. I doktoravhandlinga mi har eg vigd … Les meir → | null | OSCAR-2019 |
|
Anne Karin Røsseland er leiar for dagsenteret som held til i Storstova måndag, tysdag og torsdag. Her blir det servert mat frå kjøkkenet frå Samnagerheimen. Dagsenteret har fleire aktivitetar og turar dei reiser på. Fysioterapeuten kjem og har trim. Brukarane av dagsenteret kan nytta andre tilbod som Samnangerheimen har, som til dømes foterapeut og frisør. Dette må dei koste sjølv. | null | OSCAR-2019 |
|
Du får nokre få dagers sjukmelding. Det blir gjort ein liten operasjon på eggleiarane, slik at egget ikkje kan komme frå eggstokken gjennom eggleiaren til livmora. Egget kjem ut i bukhola, løyser seg opp og forsvinn. På denne måten kan sædcellene ikkje nå egget, og befruktninga blir hindra. | null | OSCAR-2019 |
|
Konstituert administrerande direktør i Helse Førde, Børge Tvedt, ser ikkje vekk frå at det kan bli turbulens som i Askvoll. | null | OSCAR-2019 |
|
Dei flytta frå byen til bygda: – Me kom frå eit lite funkishus i Stavanger, kor me trong små møblar. I dette huset måtte me tenkje motsett. - Fædrelandsvennen | null | OSCAR-2019 |
|
Har i lengre tid vert på utkikk etter eit lett og solid telt. No vart det handel. Det blei eit Mountain Hardwear Lightpath 2, totalvekt… les meir | null | OSCAR-2019 |
|
Familien har fått endeleg avslag på søknaden om opphald i Norge. Fordi dei ikkje har papir på kvar dei kjem frå, har det ikkje vore mogleg å returnere dei.
– Eg har jobba i mottak i over ti år og møtt over 1100 asylsøkjarar. Dette er ei av dei sterkaste sakene eg har sett. Her tek ein ikkje omsyn til barnets beste, seier mottaksleiaren. | null | OSCAR-2019 |
|
4. Forsøk med lokalt avtalte ordningar har ikkje gjeve ynskt resultat; over tid er det blitt færre, ikkje fleire, kollektivt orienterte skular.
Nyheitsbrev frå KS, 24.01.2014. Nyheitsbreva frå KS i 2014 vedrørande forhandlingane om arbeidstidsordningar synest ikkje lenger å vera tilgjengelege på KS sine nettsider. Eg gjev opp datoane, men finn det lite føremålstenleg å gje opp gamle nettreferansar, då desse vil vera blindspor i alle fall. | null | OSCAR-2019 |
|
I stad tok vi, konfirmantane i Stryn, bilde. Malin og eg skal konfirmere oss den 2.juni. Det er ikkje lenge til då! Eg og Malin
sitte heilt fremst femte og fjerde frå høgre. Vi ser på fotografen altso, bildet er en forelder som har tatt. | null | OSCAR-2019 |
|
Låtreportoaret er kanskje ikkje det ein kunne vente seg frå ein gjeng 18- og 19-åringar; ein må nok heller leite i far si platesamling for å finne rock- og bluesorienterte referansar som Eric Clapton, Rolling Stones og JJ Cale.
Det noko spesielle bandnamnet er ei anna historie, og skriv seg frå tida då 1/3 av besetninga framleis var ung og umyndig. | null | OSCAR-2019 |
|
Her er ei liste over andre ekspedisjoner i samme område vi går i. Dei fleste startar frå Nagtivit like ved iskanten, innst i ein fjordarm. Dette punktet er eit lite stykke nordaust for bygda Isortoq, som vi planlegg å starte ut frå. | null | OSCAR-2019 |
|
Men så enkelt er det dessverre ikkje. For Norled har funne ut at indresogningar har ingenting i ytre Gulen å gjera. Det er nemleg tilnærma umogeleg å komma seg med sognebåten frå Indre Sogn og til Mjømna på vekedagar. Dersom de er meir enn 8 personar kan ein bestille stjernestopp på Skjerjehamn – eller forresten, det kan du berre gjere i «svartestilla», og den som er kjend i Gulen veit at den opplever ein sjeldan. Her har nemleg Norled så viseleg eit værforbehald, og er det ikkje «svartestille», så er det ikkje godt å vete kvar du hamnar.. for stopp på Mjømna har dei framleis ikkje på sognebåten på kvardagar. Dette er det fleire som smerteleg har fått erfare.
Kjem du derimot frå Bergen er det ikkje problem, då kan du stoppe på Mjømna kvar einaste dag, og skyssast med buss eller drosje vidare til Skjerjehamn – viss ikkje det er svartestilla då og det samstundes er fleire enn 8 personar som skal på land, då kjem du heilt fram med ein gong. Så bergensarar er velkomne til Gulen – men ikkje indresogningar.
Det einaste som skal til her er fleksibilitet. Norled har nemleg ein båt som kjem frå Nordfjord som har anløp på Mjømna, og desse kjem samtidig til kai i Sollibotn. Ei mogelegheit til fast korrespondanse her gjev straks indresogningane fri bane til å komme seg til Mjømna, og derifrå med buss eller drosje til Skjerjehamn, dersom det ikkje er «svartestille» og ein skulle vere færre enn 8 personar. Dette burde ikkje koste Norled mykje – men så langt ser det ut til at dette har vore tilnærma umogeleg å få til. | null | OSCAR-2019 |
|
Delar av landskapet rundt sjøen er eit svært idyllisk, gammalt kulturlandskap. Som ein kuriositet kan nevnast at det er det er frå dette området Jan Guillou har henta handlinga i den kjente middelaldertrilogien om Arn Magnusson. | null | OSCAR-2019 |
|
Antal skuleungar byrja mot slutten av 1800 talet å verta så mange at omgangsskulen vanskelig lot seg gjennomføra. Likevel heldt ein på omgangsskulen i Matningsdal skulekrins heilt fram til 1896. Først dette året vart Matningsdal skilt ut som eigen skulekrins, og ein fekk eige skulehus. Fram til 1843 var det kun ein skulehalder i heile Ogna sogn. Han gjekk frå gard til gard og underviste, oftast då to dagar om gongen på kvar gard. Den løna han hadde krav på, i tillegg til kost og losji, måtte han sjølve krevja inn frå den enkelte gardbrukaren. Fra 1828 fekk dei fast årsløn, 16 spesidalar. [5] | null | OSCAR-2019 |
|
Det var ikkje rart at forfallet begynte i 30-åra. I 1939 var det blitt så smått at dei fekk pengar frå ein basar i Vestlandske Indremisjon «til hjelp for fattige til jul». Også frå Baptistmenigheten på Ålgård kom det litt hjelp. [2] | null | OSCAR-2019 |
|
Og Entscheidungsproblemet er som du skriv, eit spørsmål om det finst algoritmar som kan gi eit klart ja- eller nei-svar på eit spørsmål av første ordens logikk. Turing viste med si universelle maskin at det finst matematiske spørsmål som ikkje kunne løysast med algoritmar. Cantors "diagonale argument" var ein sentral del av beviset. | null | OSCAR-2019 |
|
Øyvind Strømmen var eit namn som dei færraste kjende til fyre 22. juli 2011. Etter den tid hev kringkastingi lyft Øyvind Strømmen fram og gjord han til ein slags serskild fagkunnig når han vert spurd ut um saker kring høgreekstremisme, fascisme og nazisme. Kva han skulde ha gjort som skulde ha gjort honom til ein serskild fagkunnig er eit ope spursmål for mange, og eg var ihuga etter å lesa boki hans, «Den sorte tråden – Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag». Eg trong ikkje lesa lenge fyre eg såg at Strømmen let seg kveikja av politiske meiningar og ikkje av faglege yversyner.
Jamvel utan å ha lese idèhistorie på universitetet, so er det fullt råd for ein lekmann å skriva godt um ideologi. Men det fyreset at ein ikkje freistar å måta det faglege lendet etter eit ideologisk farga kart, der sluttsatsen alt er skriven inn i titelen. Strømmen hev eit ideologisk prosjekt, og forfattarskapen hans skal underbyggja det, prosjektet ser ut til å vera å teikna upp eit kart med politiske påstandar, og kartet skal visa umveges at ein finn eit løynt samband millom alt og alle som er til høgre for partiet Høgre. Tenkjer du utanfor høgre-vinstre-blokki, og meiner at motsetnaden millom borgarlegt og sosialistisk frå Raudt til Høgre ikkje er god nok til å fanga upp røynlege tilhøve i samfundet, då stend du for noko som er tvilsamt og ytterleggåande. Du ber på ei arvesynd som gjer deg ideologisk medskuldig i brotsverk mot manneætti. Slik vert vegen stutt til Holocaust, massemordet på Utøyi og utrydjing av andre folkegruppor. Alt dette um ein skal fylgja framstellingi åt Strømmen. | null | OSCAR-2019 |
|
Men det er tydelegt nok ikkje for å nyansera at Strømmen hev valt å gjeva det franske nye høgre ein plass i boki si. Og etter å ha fenge etablert den ynskte koplingi frå nazismen og fascismen, so vantar det berre èi kopling til for at Strømmen kann gjera gjera bilætet fullkome: Antisemittismen…
Det som i alle fall er sikkert og visst er at det ikkje er noko einskaplegt syn på jødar i det franske nye høgre. Det er eit spekter som spenner seg frå sterkt israelkritiske Pierre Vial til Guillaume Faye som i «La nouvelle question Juive» (Editions du Lore, 2007) tek til ords for eit moglegt samarbeid millom jødar og innfødde europearar i møtet med den islamske masseinnvandringi.
Som me alt hev sett hev Strømmen freista spinna ein svart tråd frå nazismen og fascismen og fram til ei slags «nyorientering» med det franske nye høgre. Men korleis hev han so greidd å spinna tråden vidare frå det franske nye høgre til «muslimhatet» i våre dagar? Jau, av di sjølvaste Fjordmannen, Peder Nøstvold Jensen, skal ha lese og referert til Guillaume Fays si bok «L’Archeofuturisme» (originalutgåva frå 1998, engelsk utgåva frå 2010). Meir skal det visst ikkje til…Titelen på boki spelar elles på det som hev vorte Faye sitt grunnleggjande poeng: at dei demografiske og økologiske problemi me stend andsynes i dag lyt løysast både med ny og moderne framtidsteknologi og med ei attendevending til gamle, tradisjonelle verdiar..
Kor som er, ein skal ikkje ha studert ideane åt det franske nye høgre mykje for å sjå at ideane deira er stikk i strid med alt det dei sokalla «islamkritikarane» stend for i dag:
Alt dette for å kunna skapa ein «svart tråd» som i røyndi ikkje let seg nøsta upp. Både som analyse og uppslagsverk er boki åt Strømmen verdilaus. Samstundes er ho eit godt døme på den formi for konspiranoia som Strømmen og meiningsfrendane hans elles so gjerne yverfører på meiningsmotstandarane sine. Dei freistar setja saman eit svart, eller snarare brunt garn, der det tridje riket danar eit slags vondskapens år null, og der Hitler gøymer seg i skuggen attum kvar einaste systemkritikar. Ein må berre undra seg korleis mottakingi i media hadde vorte um nokon frå høgresida med tilsvarande logikk hadde freista spinna ein raud tråd frå Stalin til Stoltenberg. Er ein rangviljug nok, so kann ein faktisk det, sidan AP var det siste partiet som offisielt braut med Komintern…
Fiore og Griffin vart nære vener og budde ei tid saman. Tredjeposisjonismen definerte på overflata seg sjølv ut frå motstand mot både kommunisme og kapitalisme noko ein sjølvsagt finn att i ei rekkje politiske motstraumsgrupper, men bar preg av ei rekkje langt mer konkrete element…». | null | OSCAR-2019 |
|
Eg vart ståande noko forfjamsa. Kanskje sette eg opp ein mild latter. Eg brukar å gjere det når eg er freista til forsiktig å avvise eit spørsmål eller kjem i stuss om kva eg skal seie. Men så, ved eit hugskot, svara eg: Sei meg, har du?!
At dikt blir knytte til eit einsamt eg som uttrykkjer seg i fråværet av ein annan – det vere seg ein kjærast eller ein avliden – , er ei utbreidd førestilling, men det er knapt eit kriterium for kva eit dikt er eller bør vere. Likevel vil det alltid bli skrive slike dikt der eit einsamt eg vender seg til ein mogeleg lesar, ein lesar som er som eit kjært menneske som søv i rommet attmed eller i eit rom langt borte, som i dette diktet av den svenske poeten Marie Lundquist frå Brev till de sovande (Bonniers 1993): | null | OSCAR-2019 |
|
Ifølge soga var Apollon son av Zevs og Leto. Har vart født saman med tvillingsyster si Artemis på øya Dílos dit mora hans hadde flykta frå den vreide Hera, kona til Zevs. | null | OSCAR-2019 |
|
Pasientane, som alle er i 20 - 30-åra, sat i fleire bilar som kjørte bak ein ledebil i tunnelen. Ein dryg kilometer inne frå Jølstersida støtte dei på røyk frå brann i eit større kjøretøy som arbeidde der inne. Alle kom seg ut til fots under kaotiske tilhøve med tilnærma null sikt. | null | OSCAR-2019 |
|
Og ein ting kan vi einast om, vi som var på fotball-VM i Spania i 1982: Dei gode minna frå den meisterskapen er i første rekkje knytte til det leikande, spektakulære og teknisk eminente Brasil. | null | OSCAR-2019 |
|
Mange er dei som hevdar at den beste Pele ikkje er versjonen frå VM i Sverige i 1958 eller den frå Mexico-VM i 1970, men Pele slik han stod fram i fotballklubben Santos, spesielt i perioden 1958 - 1967.
Då trenaren til verdsmeistrane frå Argentina i 1978, Cesar Luis Menotti, fekk spørsmål om dagens Barcelona er det beste fotballaget nokosinne, svarte han: «Eg veit ikkje om Barcelona under Guardiola er det beste laget i historia, jamvel om eg trur det er det når det gjeld vakker fotball. Det kan berre samanliknast med Pele sitt Santos».
Kong Fotball, Pele, forvandla laget frå å vera det lokale favorittlaget i utkanten av delstaten Sao Paulo til å bli ein gigant på verdsbasis.
Santos FC fekk mykje å seia ikkje berre i Brasil, og ikkje berre innanfor idretten fotball. I Afrika og Asia kom ein til å sjå på brasiliansk fotballspel som ein modell, noko turneane til Santos, «Pele Futebol Clube», til desse to kontinenta, var ei sterkt medverkande årsak til. | null | OSCAR-2019 |
|
Innan fotballen fungerer Barcelona som ein motkulturell antitese til dagens mantra om siger for kva pris det måtte vera. «Det du gjer, gjer det godt, så vil du vinna», er slagordet som går att gjennom heile Barcelona sin organisasjon, frå miniputtar til førstelag.
I motsetnad til mange andre europeiske storlag, som ikkje stolar på eigen avl, men tyr til import av stjerner frå ulike delar av verda, stjerner som tar med seg ikkje berre sin fotballkompetanse men òg sine stjernenykker.
Verdsfinalen i år blir eit oppgjer mellom Messi, Xavi og Iniesta sitt Barcelona og dagens Santos, med Neymar som den fremste arvingen til Pele. Kan henda får vi sjå eit Santos på veg attende til stordomen frå tidlegare tider. Det kan borga for minneverdig fotball på søndag. | null | OSCAR-2019 |
|
I går (28/10) hadde eg dette innlegget på prent i Sogn Avis. Det er eit svar på eit større intervju med avtroppande vararordførar og gruppeleiar for Ap i Luster.
Følgjande innlegg står i Aftenposten i dag: Barndomsminne frå Vikersund Oda Rygh, statsvitar, fekk 4/11 spalteplass for å fortelja si personlege historie om at ho no flytter frå heimbygda Vikersund. Me lever i eit fritt land, så alle som vil … Les meir →
Det er ikkje kvart tiår krundølene held punktdemonstrasjonar, men på eit vis var det vel det me hadde på Grov i går. Dei me demonstrerte mot, visste ikkje om det, og media var heller ikkje der, om ein då ser … Les meir → | null | OSCAR-2019 |
|
Skatteoversiktar og landleigedokument frå 1600- og 1700-talet gjev innblikk i dei økonomiske konsekvensane naturskadar førte til.
I Nord-Noreg vart skylda betalt med tørrfisk og rekna i våg (omlag 18 kg). I andre distrikt vart skylda rekna i korn, smør eller huder. Før Svartedauden i 1349 var det ein fast verdi for eit stykke land når det vart kjøpt, seld eller arva. Landskylda var ulik for kvar gard eller kvart bruk. Frå midten av 1500-talet kunne ikkje landskylda verte endra utan ei offentleg vurdering. Ifølgje ei befaling stadfesta av Kong Christian III publisert i 1539, skulle landskylda betalast i form av korn, slakta dyr eller skinn i høve til produksjonen på garden og etter ei vurdering gjort av seks menn (Paus, 1751: 292-293). Etter 1557 kunne landskylda verte endra berre etter ei offentleg vurdering (Holmsen, 1961: 154). I 1644 vart hovudskatten, leiglendingsskatten, gjort avhengig av landskylda, men landskylda gjenspegla ikkje lenger direkte produksjonen på den einskilde garden. I 1670 vart det innført eit heilskapleg system. Både landskylda og den skattbare verdien, skatteskylda, vart vurdert etter kor mykje storfe ein hadde gjennom vinteren og kor mykje korn som vart sådd og hausta. Ei fastsetjing av produksjonen på det einskilde bruk i Sunnfjord vart gjort i 1667 som ein del av ein generell skatt eller matrikkelkommisjonar haldne i perioden 1665-70 for å fastsetje skattane for heile Noreg, unnateke Finnmark.
Matrikkelkommisjonane opererte i Sunnfjord i 1667 og 1723. Tretten ulike opplysningar – mellom anna om husdyr, avling, skog, beiteland, kverner, fiskeri – vart samla inn frå kvar gard. Dei innsamla opplysningane vart likevel ikkje tekne i bruk, men dokumenta gjev ein framifrå dokumentasjon om kva som skjedde før og etter at breane byrja å gå fram på slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet. | null | OSCAR-2019 |
|
Alle biografiske artiklar får tittelen «Førenamn Etternamn», der namnet skal vera det dei er best kjend under. Lite brukte mellomnamn eller nokså ukjende døypenamn skal altså ikkje vera med i tittelen, men høyrer til i innleiinga.
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 1808–12. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikla mykje av den norske nasjonalkjensla, og blir gjerne òg rekna som ein av dei største norske lyrikarane gjennom tidene. Han er først og fremst kjend som ein romantisk diktar.
For å leggja artikkelen inn i ein slik kategori, skriv [[kategori:norske forfattarar|Etternamn, Fornamn]], slik at han blir plassert rett alfabetisk. Dei som er kjende under førenamnet sitt eller som levde for lenge sidan treng ikkje Etternamn, Fornamn-delen. | null | OSCAR-2019 |
|
Det nye anlegget er av typen Vicos og vert bygd av Siemens. Anlegget skal vere med og betre både punktlegskap og kapasitet på Bergensbanen og tilhøyrande banestrekningar. Systemet som er valt for Bergensbanen, vil til skilnad frå andre nyare CTC-anlegg også få indikering frå blokkpostar og ikkje berre frå stasjonar. Blokkpostar er stader som ligg mellom stasjonane og som deler strekningane opp i fleire avsnitt for å auke kapasiteten.
Kontrakten med Siemens AS omfattar prosjektering og bygging av nytt fjernstyringsanlegg for Bergensbanen frå Hønefoss til Bergen og er på 61 millionar kroner. Bergensbanen skal framleis fjernstyrast frå togleiarsentralen i Bergen, men systemet skal knytast opp mot den tekniske sentralen i Drammen. - Det tyder at i spesielle tilfelle kan togleiarområda overta oppgåver for kvarandre, og det gir dermed ein fleksibilitet vi ikkje hadde før, seier prosjektleiaren. | null | OSCAR-2019 |
|
Den siste veka har mange av oss hissa oss temmeleg mykje opp over ymse utspel frå Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet/Kristin Halvorsen om sidemål. Det herskar ikkje så reint lite forvirring om kva som har skjedd og skjer. Her er ein freistnad … Les meir → | null | OSCAR-2019 |
|
Lærdal kl 12.45: Harry Mowatt gjentok på radioen i føremiddag at det er for mykje ortopedi i fylket. Knalltora som datt ned troppi, og ikkje minst sjåføren, er veldig glade for at me ikkje er på veg til Førde for … Les meir → | null | OSCAR-2019 |
|
Minst ein frå alle foreldrepar ved Jostedal skule står på arbeidslista for 17. mai. Her er lista (pdf) Vel møtt! Helsing FAU-leiaren
Ikkje det største storverket i norsk kunstsoge. Men då eit handkolorert trykk av det velkjende motivet til Joachim Frich dukka opp på salsutstillinga til eit antikvariat på Tørvis hotell fredag, var det berre å slå til. Teikninga av Joachim Frich stod (svart-kvitt) … Les meir → | null | OSCAR-2019 |
|
Planen min som terapeut var at eg saman med pasienten skulle sjå på videofilmingane slik at ho sjølv fekk sjå og høyre korleis ho fungerte i situasjonane. Vi såg filmingane, men Anne ville ikkje høyre seg sjølv snakke på videoen. Ho heldt fast ved at ho ikkje ville lytte, trass i mine oppfordringar. Det vart til at vi såg på videoopptaka utan lyd. Anne vart overraska over at ho såg vesentleg meir livleg ut når ho ikkje nytta sikringsstrategiar. | null | OSCAR-2019 |
|
Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo. Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1994. Sjå elles www.gyldendal.no | null | OSCAR-2019 |
|
Er heilt einig med deg i kvaliteten på boka. Eg vart litt matt då eg fekk den i fanget, og starta med å sjå på bileta (!). Så las eg litt av starten, så slutten, så innleiinga og til meir eg les til vanskelegare er det å leggja den bort. | null | OSCAR-2019 |
|
Lars Lillo-Stenberg (fødd 30. juni 1962) er ein norsk musikar og låtskrivar frå Oslo. Han er særleg kjend som frontfigur og vokalist i musikkgruppa deLillos. | null | OSCAR-2019 |
|
Det lei ei tid. Så ein dag kom det ein annan svenske til Staulan. Det var Johan Nystrøm. Han hadde greie på metall, han såg med ein gong at det var gull i ringane ungane trilla med på golvet. Dei var då ikkje seine med å ta ringane og dra til Mosjøen. Dei fekk med seg ein tridje svenske, Johan Trolle, og gjekk til gullsmed Anders Abrahamsen og selde gullet. Dei fekk fire hundre kroner. Det var flust til ein fin fest.
Det var betalingsringar Johan Olsson fann. Dei veg 339,7 g, og skriv seg frå folkevandringstida, ca. år fem hundre e. Kr. Ringane er no i oldsaksamlinga. | null | OSCAR-2019 |
|
På Hamre har det vore skuledrift sidan omgangsskulen si tid. Frå 1852 hadde skulen fast tilhald i eit hus på Hamreplass, og frå 1882 i nytt skulehus som var i bruk like til 1973.
Elevtalet har variert mykje opp gjennom tidene. Største elevflokken hadde ein på 1980 – talet, då bort i mot 60 born gjekk på skulen.
Hamre grendaskule ønskjer å ta med vidare dei beste tradisjonane frå den tida drifta var kommunal, og kombinera det med nye mål og utfordringar som heile tida kjem til. Som ein grendaskule vil vi gripa fatt i det lokale, gje elevane ei plattform og identitet som dei kan stå trygt på for å orientera seg utover. Skulen ligg midt i eit kulturlandskap ved Osterfjorden med historiske røter langt bakover i tid. Hamre kyrkje, som kan feira 1000-års jubileum som kyrkjestad i 2024, er nabo til skulen. Sjå NRK si gudstenestesending frå 2012 | null | OSCAR-2019 |
|
Han er best kjend under namnet Rem-Erik. Han var gift med ei Karen Larsdotter frå Hemnes, og budde på Smalburem kring 1750. Dei hadde 7 born. Karen do i 1790. Om Rem-Erik går det mange segner og sogor.
Så kjem Ola Andersson. Kona hans heiter Beret, - Rem-Beret som ho mest vart kalla. Beret var kjent som signe-kjerring. Ho vart mykje søkt når nokon vart sjuk på ein måte dei trudde hadde sitt opphav frå underjordiske eller hybiske.
Dotter hans, Kari, vart så gift med Lars Henriksson frå Blåfjell. Han hadde garden ei tid. Men han armodast frå garden.
Ein gong var han på Holand hos Nils Andreas Nilsson og la opp land, og då fekk han høve til å stela ein fell og nokre fellskinn. Han vart dømt og straffa for dette.
Ola Nilsson Holand, som eg har snakka med om dette, seier han minnest Skinnbrok-Ola. Han stal ikkje fellen og skinna den gongen han var der i arbeid. Men han fekk då greide på kor skinna var, og kor det høvde til med lås og stengsel. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg syns det e drit kult at du ikkje bryr deg om han e yngre en deg! At du faktisk ikkje tenkte at han e for ung for deg:D | null | OSCAR-2019 |
|
Å vere medlem i ein fotballklubb inneber at det vert tatt nokre bilete, video kan førekome, media er innom frå tid til anna, og vi nyttar analyseverktøyet VideoObserver (som i nokre tilfeller også vert sendt til motstandar).
Om du av ein eller annan grunn ikkje kan godta det, må du sende ein epost til [email protected], slik at vi får registrert ditt born på ei «nei-liste» vi har. | null | OSCAR-2019 |
|
Logitech G513 Carbon kjenst tungt og solid, og har eit lag av børsta riller i metallbelegget som gir det eit noko «industrielt» preg. Med den enkle og stilige logoen på toppen, er tastaturet litt som ei funksjonell svart dressjakke. Gjer ikkje for mykje ut av seg, men får jobben gjort (så lenge du ikkje skrur RGB-lyset opp til elleve, då).
Den vesle ulyden i Romer-G-brytaren er eit minus, men ikkje nok til å ha noko nemneverdig effekt på om ein bør kjøpe tastaturet eller ikkje. Logitechs nye lineære brytar kjenst ut som eit eminent alternativ til til dømes Cherry MX Red/Speed og Kaihl Red/Black. | null | OSCAR-2019 |
|
Vollmesterbrakka i Vollveien 5 ligg sentralt til på Karljohansvern få meter frå badestranda. Brakka er på 1025 m2, og er frå 1940-45 . Då Forsvaret forlét bygt var planen riving, men saman med Horten kommune fekk vi omregulert området frå gamal bruk til bruk for næring og bustad. Vollmesterbrakka vart selt for 3,6 millionar over takst, og den nye eigaren er i gang med å etablera bustader på eigedomen. Brakka haldast på som han er utvendig, men vil til slutt husa ni rekkehusleilegheiter. | null | OSCAR-2019 |
|
Rapport frå tilsyn med sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga med fokus på behandling av søknad om økonomisk stønad ved Hareid kommune 2010 | null | OSCAR-2019 |
|
kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og forebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar | null | OSCAR-2019 |
|
Som elev kan du søkje om å få fritak frå opplæring eller fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Dette er ikkje det samme. | null | OSCAR-2019 |
|
Du sender søknad om å bli friteken frå opplæring i skriftleg sidemål til rektor på den skolen du går på. Det samme gjeld dersom du søkjer om fritak for vurdering med karakter. | null | OSCAR-2019 |
|
FOR DÅRLEG RESULTAT FOR KVINNENE: Irene Dragvik frå NTL tykkjer at kvinnene ikkje vart løfta nok i dette oppgjeret.
Kvinneandelen av lønnsmassen på NTNU er 36,59 prosent. Det vart altså berre litt over ein promille over dette, og ikkje i samsvar med kva NTL ønska å satse på.
KREVANDE JULEREINGJERING: Kristin Dæhli frå Forskarforbundet bemerkar at med 28 millionar må ein vere grundig.
- Dekanane fortener honnør, dei møtte jamt over godt førebudde. Saman med fakultetsdirektørane, som har erfaringa frå tidlegare, løfta dei kvaliteten på forhandlingane. Ho vil gjerne ha fram eit generelt, men viktig, moment til slutt – eit som kanskje mange glømmer sjølv om det er logisk: | null | OSCAR-2019 |
|
I ankesaka konkluderer Lagmannsretten med at Flø blei mobba av medelevane frå han begynte på skulen i første klasse til han gjekk ut av ungdomsskulen etter fullført 10. klasse.Mobbinga bestod av både fysisk og psykisk vald, ifølgje lagmannsretten. | null | OSCAR-2019 |
|
Om du kjem til oss med erfaring frå anna verksemd eller direkte frå skulebenken, er du like velkomen. Me ynskjer deg med på eit lag som dreg saman, og som veit å verdsetta kvar enkelt sin kompetanse og kunnskap. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg ynskjer meg ein bokhandlar guide!!!! Det er ikkje alltid så lett å finne dei unike, fine, spesielle, rare, bortgøymde, noko-for-seg-sjølv-bokhandlarane når ein ikkje er kjend i byen :) | null | OSCAR-2019 |
|
Wadi Rum (arabisk وادي رم) òg kalla Månedalen (arabisk وادي القمر) er ein dal som har skjert seg ut i sandstein og granitt sør i Jordan, 60 km aust for Akaba. Han er den største wadien i Jordan.[1] Namnet Rum kjem truleg frå ei arameisk rot som tyder 'høg'.[2]
Området er sentrert kring dalen Wadi Rum. Det høgaste punktet i Jordan er Um Dami på 1840 moh., og ligg 30 km sør for landsbyen Wadi Rum. På ein klår dag er det mogeleg å sjå Raudehavet og grensa til Saudi-Arabia frå toppen.
Jabal Rum (1734 moh.) er det nest høgaste punktet i Jordan og den høgaste toppen sentralt i Rum,[4] og stig direkte opp frå Rumdalen ovanom Jebel um Ishrin, som er kring éin meter lågare.
Wadi Rum er heimstaden til Zalabia-beduinar, som arbeider med klatrarar og turgåarar, og har utvikla ein økoturisme i området, som no er hovudkjelda deira. Område er eit av dei viktigaste turistmåla i Jordan, med stadig fleire utlendingar, særleg fjellklatrarar og fjellturistar, men òg for kamel- eller hestesafari, eller folk som berre er på dagstur frå Akaba eller Petra. | null | OSCAR-2019 |
|
For å rekne ut høgda på ein lekam, til dømes eit tre eller ei flaggstong ved hjelp av klinometer og måleband nyttar ein denne formelen: | null | OSCAR-2019 |
|
Laurdag 23 juli om føremiddagen er det diskoskvalifisering i VM for Thomas. Finalen går dagen etter, og er siste kastøving i meisterskapen som er flytta frå Kazan i Russland til Bydgoszcz i Polen, på grunn av at Russland er utestengt frå all internasjonal friidrett inntil vidare. | null | OSCAR-2019 |
|
Nyrstar har spesialisert seg på å skape nye, verdifulle råmateriale til bruk i industrien frå avfall. Hovudaktiviteten er å behandle filterstøv frå stålindustrien i Europa som er rikt på sink, i det høgteknologiske anlegget i Høyanger. | null | OSCAR-2019 |
|
Sibillinifjella er ei fjellkjede i Italia og utgjer ein del av Dei sentrale Appenninane. Ho ligg mellom austlege område av Umbria og Marche, og består nesten utelukkande av kalkstein som vart danna frå 100 til 50 millionar år sidan. Dei fleste fjelltoppane er over 2000 meter og den høgaste er Monte Vettore på 2 476 m.
Topografien er dominert av U-dalar og nedsenkingar danna av isbrear. Det er òg enkelte karstformasjonar.
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sibillini Mounts frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: | null | OSCAR-2019 |
|
«Moon Over Naples» er ein instrumental frå 1965 komponert og opphavleg framført av den tyske bandleiaren Bert Kaempfert. Det vart det første sporet på albumet The Magic Music of Far Away Places for Decca Records.
Ein vokal versjon av Sergio Franchi med tekst av Charles Singleton vart spelt inn i 1966, men gjekk ikkje inn på listene. Han vart ein hitsingel i 1966 for Al Martino med ein ny tkest av komponisten Eddie Snyder, og tittelen vart endra til «Spanish Eyes». Denne kom ut seint i 1965 i USA og denne innspelinga nådde 15. plassen på Billboard Hot 100[1] og låg fire veker på toppen av Billboard Easy Listening-lista[2] tidleg i 1966. Denne vokale versjonen vart òg ein hit i Europa, der han selde kring 800 000 eksemplar i Tyskland[2] og gjekk to gonger inn på UK Singles Chart, og nådde 49. plassen i 1970 og så femteplassen i august 1973.[3]
Mayfield sa «han vart teke frå kyrkja mi, eller frå meldinga frå kyrkja i oppveksten min. Eg må ha vore i ei djup kjensle av den slags religiøs inspirasjon då eg skreiv den songen.» Songen er den første Impressions-hitten med Mayfield på gitar i mellomspelet.[1] | null | OSCAR-2019 |
|
Du må melde frå til Lånekassen dersom du tek andre fag eller fagkombinasjonar enn det du opplyste om i søknaden.
Dersom du slutter i eit eller fleire fag, eller du tar ekstra fag i løpet av skoleåret, skal skolen din sende melding til Lånekassen om det. Du treng ikkje sende inn noko sjølv.
Send inn ei stadfesting frå lærestaden din elektronisk, som viser den nye, høgare studiebelastninga. | null | OSCAR-2019 |