text
stringlengths 0
19.4k
| timestamp
timestamp[ms] | url
stringlengths 0
2.09k
| source
stringclasses 4
values |
---|---|---|---|
I skuleåret 2017/18 vert det gamle jugendbygget frå 1919 totalrenovert. Fram til dette bygget er ferdig renovert vil ein del av skulen sine aktivitetar føregå på gamle Voss vgs sin avdeling på Vatletun. | null | OSCAR-2019 |
|
Kommentar: Bryne har eit godt namn, men strevar med å innsjå klubben for tida ikkje er del av norsk toppfotball. | null | OSCAR-2019 |
|
Lungene ligg i kvar sin pose i brysthula. Desse posane kallast pleurahuler. Pleuratapping betyr å tappe ut væske frå ein eller begge pleurahulene. | null | OSCAR-2019 |
|
Nær kapellet er ein olavskjelde som gjorde kyrkja til eit valfartsmål i gamle dagar. I dag er brønnen murt att. | null | OSCAR-2019 |
|
– Alle vassførekomstane var jo valt ut spesielt fordi dei er langt frå menneskeleg påverknad. Erfaringa vår frå feltarbeidet støtta også dette inntrykket, så vi hadde rekna med at miljømålet var nådd for stort sett alle desse plassane, seier NIVA-forskaren. | null | OSCAR-2019 |
|
– Utrekningsmetoden for fisketilstand må endrast, mellom anna fordi han ikkje tek omsyn til vassdrag som er naturleg fattige på fisk. Metoden er utvikla på grunnlag av nokre få vassdrag i eit avgrensa geografisk område i Midt-Noreg, og er ikkje kalibrert for å omfatte variasjonar i heile landet. | null | OSCAR-2019 |
|
Frå 1.1.2016 er me eit reint kraftproduksjonsselskap. Det kan me alt om. Spørsmål om nett og marknad skal du frå den datoen stilla til Haugaland Kraft. www.haugaland-kraft.no | null | OSCAR-2019 |
|
I byrjinga av juni kom boka vår om 1814: Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark – ei samling med 12 artiklar av 12 forfattarar frå og om Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Telemark.
Sit i Canada og les, tykje du har ei flott side. Eg undrar meg berre på kvifor du ikkje har nokon omtale om Jens Olavson Hæreid. Eg ser for meg at han var ein målmann som gav ut både gode forteljingar og historiebøker. Han er den som til dags dato har levert flest bøker til den norske skulen. Han kom frå nabo bygda di. Årdal, Hæreid på Årdalstangen.
Hei! Jens Hæreid var ein viktig nynorsk sakprosaforfattar. Eg har drege han fram når eg har undervist i historiedidaktikk på høgskulen. I soga om hendingane i 1814 høyrer han ikkje heime – det gjer han derimot når temaet er korleis 1814 har vorte formidla til norske skuleelevar, men det har eg ikkje skrive om. I det eg har skrive om norsk målreising, har eg ikkje gått noko særleg inn på forfattarane med mindre dei deltok i språkstriden. Så der glimrar ei rekkje framståande nynorskforfattarar med fråværet, inkludert Hæreid, men eg har fått med meg at han var på skipingsmøtet i Norigs Maallag i februar 1906. | null | OSCAR-2019 |
|
Vasiugan (russisk Васюган) er ei elv i på Den vestsibirske sletta i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 1080 km lang og har eit nedslagsfelt på 61 800 km².
Vasiugan spring ut frå Vasiuganskikh-myrane. Elva er farbar 886 km oppover frå munningen. Elva har ei middelvassføring på 345 m³/s eller 10,9 km³/år.
Dei største sideelvane hennar er Njurolka og Tsjertala frå høgre, og Tsjizjapka og Jagyljakha frå venstre. Av busetnader langs elva finn ein Novyj Vasiugan, Novyj Tevriz og Srednij Vasiuga. | null | OSCAR-2019 |
|
Beskrivelse. Arbeidsstad. Fræna vidaregåande skole ligg i Elnesvågen. 25 km frå Molde. Skolen ligg vakkert til ved Romsdalskysten med lett tilgang til... | null | OSCAR-2019 |
|
Huskyane var usedvanleg kosete, så etter kort tid var dei fleste dekt med stive, feite huskyhår frå topp til tå. | null | OSCAR-2019 |
|
Royal Wootton Bassett er ein marknadsby i grevskapet Wiltshire i England. Han har kring 11 000 innbyggjarar. Han ligg 10 km sørvest for Swindon.
Byen fekk status som kongeleg verna by i mars 2011 av dronning Elizabeth II, og fekk då «Royal» først i namnet sitt.
Wootton Bassett ligg nær RAF Lyneham, ein tidlegar base for det britiske luftvåpenet. Frå april 2007 til basen stengde ved utgangen av 2012 blei ei mengd falne frå Irak og Afghanistan ført gjennom byen i seremonielle opptog. | null | OSCAR-2019 |
|
BRY DEG: - Ikkje ver redd for å spørja nokon om sjølvmord. Det er ikkje farleg, skriver Oddvar Vignes. Foto: (Foto: Gudmund Rørheim, Øyposten / anyaberkut / iStockphoto) | null | OSCAR-2019 |
|
Dei fleste eg kjenner er litt misunnelege på Lars Monsen, han som kan overleve 3 månadar i villmarka med ein binders og eit fiskesnøre. For ein mann. For ein mannemann. Tenk å vere slik som han. Men dei fleste norske menn er ikkje slik lenger. Dei fleste hadde hatt det kjekkare på fanget til Ole Torp, medan han las høgt frå boka si, ”Ord som får voksne menn til å gråte”, enn rundt leirbålet til Lars Monsen.
Mannsrolla er i endring, mennene er i endring. Mogleg ligg feilen i at me ikkje har oppdaga at me ikkje treng å vera lik besteforeldregenerasjonen. Me kan snakke friare om oss sjølve, vonde kjensler er ikkje lenger noko me treng å skjula.
Ein veit aldri kva ein møter på, men det betyr ikkje at ein ikkje skal prøve. Eg har til no ikkje møtt ein etterleten etter eit sjølvmord som har fortalt at det var ein ting dei verkeleg angra på: Dei spurte for mykje. | null | OSCAR-2019 |
|
Eit par timar etter fødselen blir mor og barn flytta over til barselavdelinga. Helse Førde har ei kombinert føde- og barselavdeling i 5. etasje ved Førde sentralsjukehus, så vegen er ikkje lang frå fødsel til barsel. Barselgangen er ein paralell gang til fødegangen. Har vi plass til far/parner kan de ha rom saman på barsel. | null | OSCAR-2019 |
|
Jugendbyen Ålesund med nord-europas største akvarium er berre 30 minutters køyring unna. Ferga frå Aursnes tar omlag 10 minutter.
Sunnmørsalpane er svært populære utfartsmål , og ein kan få med guide på allt frå lette dagsturar til kanopadling , og overnattingstur i lavvo. | null | OSCAR-2019 |
|
Det er ikkje alltid ting går som planlagd. Men godt dere kom dere avgårde da, sjølv om det vart litt forsinka. | null | OSCAR-2019 |
|
Med litt tålmod får ein e-postsvar frå SAT. Dei har arkiv etter sjøutskrivinga med rullar frå Ålesund krets frå ca. 1830. I arkivet for Molde krigskommisariat 1776-1910 finst rullar for Sunnmøre frå 1860-talet; for 1804-46 er det berre for Romsdal, Nordmøre og Hemne.Så anten så har Sunnmørsdokumenta kome bort - eller så har dei ikkje vore i Trondheim.Det vender eigentleg spørsmålet tilbake til Bergen. Som nemnt i (1) er det gjort påteikninar om manglande opplysningar, 'hvorom er tilskrevet Sognepresten'. Eitt av desse spørsmålsarka låg i sokneprestarkivet saman med listene. Øvst på arket er det påført 'BKC ad No.1767' og det er underskrive 'Bergen den 21. Febr 1832' av ein Walter. Det gjeld opplysningar til 1831-lista, og soknepresten har ført på svar datert 20 mars 1832.Det kan vel vanskeleg tolkast annleis enn at det var Bergen krigskommisariat (BKC?) som tok mot listene frå Sunnmøre (Ulstein). | null | OSCAR-2019 |
|
All påmelding skal skje via påmeldingsskjema du finn ved å klikke på knappen under. Påmelding er ikkje fullført før påmeldingsavgifta er betalt på Vipps eller til konto 3460 12 14298, merk innbetalinga med deltakarnamn (Vipps kan ikkje merkas, men der vil ein sjå namnet til den som betalar på rapporten). | null | OSCAR-2019 |
|
Inn i naturen er ei samling med 101 vakre, rørande humoristiske og overraskande dikt frå norsk natur. Boka inneheld klassikarar frå Henrik Wergeland, Hans Børli og Halldis Moren Vesaas så vel som nyare dikt av poetar som Mona Høvring, Øyvind Rimbereid og Kjartan Hatløy.
Vi følgjer naturen gjennom dei ulike årstidene, frå den grøne våren gjennom den varme sommaren og den raudgule hausten til den frosne vinteren. | null | OSCAR-2019 |
|
Rapport frå tilsyn med sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga i Averøy kommune 2011 | Helsetilsynet
Averøy kommune/Nav Averøy har ikkje eit system som sikrar at handsaming av søknader om økonomisk sosialhjelp vert gjort i tråd med krav i lov og forskrifter | null | OSCAR-2019 |
|
Nav Averøy har ei bemanning på 8 årsverk. Av desse kjem 5 frå den statlege delen og 3 frå kommunen, inkludert prosjektleiarstilling rus. | null | OSCAR-2019 |
|
Under intervju kjem det fram at kontoret har jamlege fagmøter der enkeltsaker vert drøfta. Konklusjon frå desse møta kjem ikkje fram i verken referat frå møte, i journalnotat eller saksframlegg til vedtak | null | OSCAR-2019 |
|
Planområdet er på om lag 50 dekar og ligg på Brattholmen ved Byfjorden. Området ligg om lag 2,5 km søraust for Sartor senter.
Hordaland fylkeskommune meiner bustadene i BF7 vil ligge eksponert til og få stor fjernverknad, noko som i stor grad vil endre landskapet og inntrykket frå sjøen. Dei er ikkje i samsvar med overordna plan, og ligg innanfor den funksjonelle strandsona. Fylkeskommunen fremja ikkje motsegn, men tilrår at område BF7 blir tatt ut av planen.
Mekling vart ikkje gjennomført, då fylkesmannen ikkje fann grunnlag for det. Fylkesmannen meiner planen er klart i strid med nasjonale føringar.
Synfaring og møte vart gjennomført 21. april 2015 med representantar frå Fjell kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet samt ein grunneigar.
Fråsegner frå kommunen sine representantar og tidlegare rektor på skulen stadfesta at områda vert nytta av barn og unge til leik og friluftsaktivitetar. | null | OSCAR-2019 |
|
Då er bataljonen frå Norway Cup snart tilbake til eige bad og eigen seng. Det har vire ei flott veka i Oslo både på fotballbanen og ikkje minst det sosiale. No er det snart...
Mandag 11. juli klokka 19:00 vert det eit trenar og lagleiar møte i høve Norway Cup. Møtet vert på klubbrommet.
Brått vart det sommar og det er snart tid for nok eit cupeventyr i Oslo. Her er litt informasjon om Rosendal/Uskedal sine lag i cupen, samt kva skule vi skal ligga på. | null | OSCAR-2019 |
|
Eit vakkert, lite hefte til utdeling ved dåpssamtalen, forma som eit brev frå kyrkjelyden til foreldre og fadrar. Inneheld dåpsliturgien, bibelord om dåpen, to dåpssalmar og ei litteraturliste. NB! Ny utgåve i 2012 tilpassa ny liturgi og med bibeltekstar frå Bibel 2011. Heftet er også gitt ut på bokmål. | null | OSCAR-2019 |
|
Resultata i vestlandsfylket har lege jamt høgt over fleire år, sjølv om sosiale og økonomiske forhold skulle tilseie at elevane der skåra mykje lågare. Forskingsprosjektet har samanlikna skular i Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Oppland og Nord-Trøndelag, fire fylke som er nokolunde like sett frå eit sosioøkonomisk perspektiv, men der elevane skårar ulikt. | null | OSCAR-2019 |
|
– Nei. Men då eg kom heim angra eg på at eg ikkje prøvde! Fordi det ville sikkert vore gøy, og då ville eg kanskje ikkje vore så mørkredd lenger, seier Helene.
– Du kan få støtte frå vennene dine. Eller du kan tenkje at det ikkje er farleg å gjere feil, og at dei som ler sikkert berre er misunneleg fordi du torde, seier Elisabeth. | null | OSCAR-2019 |
|
Er matteoppgåva for lett? Då vil det ikkje gje noka oppleving av meistring å løyse ho. Er matteoppgåva for vanskeleg? Då kan eleven som slit, velje å definere ho som uviktig for å beskytte seg frå tapet av sjølvtillit – ein typisk strategi for skuletaparen. Verkar oppmuntringa frå læraren falsk? Då er den også fånyttes. Balansegangen er hårfin. | null | OSCAR-2019 |
|
I år er det 100 år sidan både Norigs maallag (5. februar) og Jostedalens maallag (10. november) vart skipa. Det skjedde midt i den store overgangen frå dansknorsk til landsmål (nynorsk). Den mest intensive perioden i Sogn og Fjordane var 1905–10. I skulesoga for Luster har Kåre Øvregard fortalt om innføringa av nynorsk i Jostedalen. Her skal me leggje til nokre opplysningar frå andre kjelder, ikkje minst møteboka for mållaget som ligg på Fylkesarkivet.
I 1910 gjekk mållaget i dvale, og me høyrer ikkje meir frå det før det vart skipa opp att i 1927. Fram til Andre verdskrigen hadde så laget glansperioden sin med stor møteaktivitet og mange festar, framsyningar og handskrive blad som vart lese opp på møta (”Vårfuglen”). I desse åra fungerte mållaget på mange vis som eit ungdomslag. To forsøk på å få i gang laget att i 1953 og 1981 førte ikkje fram.
Då Jostedal mållag vart skipa, fanst det truleg berre 5–6 mållag frå før i heile Sogn, så laget var tidleg ute. Ein grunn kan vere at det ikkje var ungdomslag her – det kom fyrst i 1924. Før 1906 fanst det truleg kring 40 frilynde ungdomslag i Sogn, og dei fungerte gjerne òg som mållag.
Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn – glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)
Då far, Svein Medhus, vart tilsett som prest i Jostedal, står det til slutt i utlysingsteksta frå november 1929:
«Nynorsk er innført som hovudmål i alle skulane i prestegjeldet. Søkjarar til dette embetet lyt difor segja frå um dei kann nytta nynorsk.» | null | OSCAR-2019 |
|
til dømes å kjøpa ei fin gullramme på ein loppis og ramma inn eit bilde av deg og personen gåva er til. eller ein boks med heimelaga kjeks. bøker bloggar eg masse om, ta ein titt i arkivet. : )
eg føler at in the end så vil ein person som har vore litt rundtom på internett sjå kva som er ekte og kva som er påtatt. før syns eg det var veldig irriterande, men no bryr eg meg egentlig ikkje så lenge det ikkje er plagiat. eg ser det også ignorerar eg det heller, for eg orkar ikkje å bruka energi på det. eg finn jo sjølv masse inspirasjon frå andre bloggarar, men det er ei fin linje å balansera på når ein ikkje skal kopiera og det er vanskelig å finna den balansen. men! det er stor forskjell på å la seg inspirera og å herma. | null | OSCAR-2019 |
|
- Desse fireåringane erstattar ikkje all silda som er på veg ut av bestanden, men ein reduksjon i fisket kompenserer for dette, forklarar Stenevik. | null | OSCAR-2019 |
|
Tradisjonsrikt gjestgiveri frå 1600 – talet. Suiter og rom i restaurert sjøbod/tønnefabrikk. Restaurant, bar og kunstgalleri.
Huset ligg rett ved vannkanten, i idylliske omgjevnadar, og har systematisk vorte opprusta og modernisert i komforten dei siste åra, med soveplass til 12. Eit funn om du vil fiske, eller berre nyte kystlivet frå plenen. | null | OSCAR-2019 |
|
Frå alle dei offentlege vidaregåande skolane får vi opplysningar frå Vigo om kva for utdanningar de skal tilby kommande undervisingsår. Desse skolane treng altså ikkje rapportere manuelt til Lånekassen. | null | OSCAR-2019 |
|
Når eg gjer det same, får eg i siste omgang den eine frå Sandaker utlista i sin samanheng; dvs. lista saman med dei han står saman med i protokollen.Derimot veit eg at det av og til går galt med andre nivås søk. Eg arbeider med det, men kan ikkje lova noo om kva tid feilen er funnen. | null | OSCAR-2019 |
|
Vart innkalla vernepliktig i marinen sommaren 1939, antakeleg på ein fregatt. Låg på Horten havn 9. april 1940, som den tid var marinebase. Dei var av dei første som vart angrepne av tyskarane, og var visstnok eit lett bytte. Sjefen på båten til Alf fekk skote av begge føtene, resten vart teke til fange, og etter nokre dagar sendt heim. | null | OSCAR-2019 |
|
Tok og laga to kort på ein gong. Ville sjå om dei vart like eller ulike. Brukte ein teknikk langt utanfor komfortsona-rive papir og lime det litt tilfeldig på. Sjølv om det er noko eg ikkje brukar å gjere, var det kjekt. Kjente meg litt frigjort kanskje?
Skal i allefall prøve igjen. Har kjøpt fine blomster frå Prima, så dei fekk pynte opp desse korta. Innsida er gjort veldig enkel. | null | OSCAR-2019 |
|
Dette bildet er frå stova. Den lilla kommoden, det kvite hekleteppet, den grøne skodda og ikkje minst kvitveisen er vårleg for meg. Dessverre så er ikkje kvitveisen komen på vestlandet endå (for dei som som trudde det ;) Dette bildet tok eg ifjor, | null | OSCAR-2019 |
|
Om du kjem frå Bergen er det berre å setje seg på kystbussen som går kvar time frå bystasjonen, utgangen ved polet – så om du skulle trenge noko derifrå er det berre å smette innom på vegen. Du kan kjøpe billett på bussen, eller bestille på nettet, som er noko rimlegare. Denne bussen går også frå Stavanger og Haugesund. Sjå kystbussen
Kjem du langvegsfrå, til dømes frå Oslo, kan du flyge med Norwegian eller SAS til Bergen eller Haugesund eller med DAT til Stord, men me oppfordrar sjølvsagt alle å velje den meir miljøvennlege – og sosiale transportmåten NSB. Sjå dei respektive flyselskapa sine heimesider.
Om ein vil varme opp på den rette måten, kan snøggbåten som går mellom Bergen – Stord – Haugesund og Stavanger vera eit godt alternativ. Sjå norled.no | null | OSCAR-2019 |
|
Ellers kan du høre med Paja i Spjelkavika om han har en 410 motor. Det er vel ikkje usannsynlig at han har, eg kan formidle kontakt med han om han ikkje ser dette.. | null | OSCAR-2019 |
|
Kan ikkje skjøne at nokon andre kan ha funne på å importere ein bil med så liten motor frå asia på denne tida så då må dette vere ein av utrulig få bilar i europa. | null | OSCAR-2019 |
|
Surt og kaldt var det torsdagsmorgon då ni damer pluss sjåfør Kirsti stua sekker, ski og mat i bil og tilhengar. Turen gjekk frå aust til vest, frå flatland til fjell og ned til vakre Hardangerfjorden. Ei reise verd i seg sjølv. Og vi måtte stadig vekk slå fast at det vi såg ikkje var noko mindre enn ” eit lite stykke Noreg”. Som ekte skilauparar minnest vi Sondre Norheim med eit lite besøk på museet i Morgedal. | null | OSCAR-2019 |
|
MÅ HA VEG: Nordic Mining vil spytte inn pengar for å få skikkeleg veg til og frå gruvedrifta. Fjorddeponiet er ein sentral del av drifta. | null | OSCAR-2019 |
|
Monsterhavet (org. tittel: The Sea of Monsters) er ein fantayroman basert på gresk mytologi skriven av Rick Riordan i 2006. Det er den andre boka i Percy Jackson-serien og oppfølgjaren til Lyntyven. Monsterhavet skildrar eventyra til den tretten år gamle halvguden Percy Jackson. Han og venene hans må redde satyr-venen sin, Grover, frå Cyclops Polyfemos og redde Halvblodsleiren frå ei åtak ved å bringe Det gyldne skinnet til leiren for å kurere furutreet Thalia som har vore forgifta. | null | OSCAR-2019 |
|
Dersom det er inne vikar på ei legeliste kan vere problem å få bestilt timar og reseptar frå desse legane (sjå informasjon om legane) | null | OSCAR-2019 |
|
Kyrkjebøkene for Eivindvik finst for åra 1680-1682 og frå 1699 og frametter. Sjå Riksarkivet sine heimesider for nærare informasjon. Der finn du katalogar over kyrkjebøker for heile landet. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg såg ikkje dei figurane fysst i lyspæra, men må sei at når eg såg dei, så blei de definitivt favoritten :o) | null | OSCAR-2019 |
|
Det ligg to hus innerst i Jøssingfjorden, under Helleren. Staden er ein gamal buplass og husa er frå slutten av 1700-talet og starten av 1800-talet. Jøssingfjorden er kjent frå Altmark-saken og andre verdskig. | null | OSCAR-2019 |
|
Men først vil eg skrive litt om kvifor eg for første gong sidan det året eg vart, fødd, ikkje lenger er ein ein del av pinserørsla. Meir om det i neste innlegg. | null | OSCAR-2019 |
|
Med bakgrunn i nokre aha-opplevingar som feiar, der eg har sett eit mønster i behov, vil eg tilby kurs i korleis ein kan fyre godt og trygt.
Som barn var vi mykje i skogen og frå 12 års alderen tok eg ut min første ved. Veden blei hogd med øks og frakta heim med traktoren på småbruket, ein Shibaura SU 1540 4x4. Nokre år seinare vart skogbruk på landbruksskulen eit favorittfag. | null | OSCAR-2019 |
|
Elevar som er på SFO har ikkje rett til gratis skyss, då SFO blir å rekna som fritid og ikkje skuletid. Skuleskyss er knytt opp mot skuletid.
#8 Det står på heimesida at Hamre Grendaskule hausten 2016 skal ta opp elevar frå første til sjuande klasse. Korleis blir dette for skuleåra framover? | null | OSCAR-2019 |
|
«Kjære landsmenn «, sa Artur Mas, presidentkandidaten til CiU (Convergència i Unió) då røystene var talde opp og sigeren sikra. Tiltalemåten viser partiet sitt nasjonalistiske katalanske ansikt på eit vis som har vore vanleg i den katalanske regionen i over eit hundreår. For ein katalanar, som for ein baskar, er ikkje termen »nasjonalisme« knytt til negative assosiasjonar, og katalanske politikarar har for vane å omtala regionen sin som ein nasjon.
Då den spanske Grunnlovsdomstolen tidlegare i år forbaud ein slik bruk av termen »nasjon« og ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret, førde det til ein gigantisk demonstrasjon med ein million i gatene i Barcelona 10. juli. Denne dagen blei eit vendepunkt i katalansk politikk.
Laporta er førebels leiar for eit særs ungt miniparti, men han klarte å få fire representantar inn i parlamentet, og ein skal ikkje sjå bort ifrå at han kan komma sterkare tilbake ved ein seinare korsveg. Ein skal ikkje gløyma at FC Barcelona saman med det katalanske språket utgjer ryggrada i den katalanske identiteten.
Det konservative PP meiner det katalanske valet er starten på slutten for sosialistane sitt styre på nasjonalt spansk plan. Men lite tyder på at ein mekanisk kan overføra resultata frå Catalonia til spansk politikk. | null | OSCAR-2019 |
|
Regjeringa vil kutte stipendet til dei som ikkje fullfører utdanninga. No møter dei stor motstand frå alle kantar.
Regjeringa sitt forslag i statsbudsjettet for 2019 om å endre stipendordninga, har skapt motreaksjonar frå fleire studentar. Forslaget går ut på at ein får omgjort 25 prosent av lånet til stipend ved beståtte enkeltemne, medan dei resterande 15 prosent ikkje vil bli omgjort før ein har bestått ei grad. Åtte av Noregs største studentorganisasjonar har no gått saman i eit opprop mot forslaget. … Read More | null | OSCAR-2019 |
|
Det er i dei siste 6 - 8 vekene før lamming veksten av foster verkeleg byrjar å krevje energi og protein frå søya. | null | OSCAR-2019 |
|
Buplikta er det tvert motsette av ein reiskap for å hindre fråflytting frå bygdene. I dag er det vel rundt 40 000 landbrukseigedommar som står tomme, og då må ein sjå på mulighetene for å endre lovene. Det må då vere ein menneskerett å få lov å bestemme over sin eigen bustad? | null | OSCAR-2019 |
|
Fiskeridirektoratets miljøpris 2018 er gitt til Kenneth Bruvik frå Fjell i Hordaland. I mange år har han vore spesielt opptatt av forsøpling av havet og kysten, og har skapt og vedlikehalde eit stort engasjement både ... | null | OSCAR-2019 |
|
Sjølv er mi erfaring frå kristne miljø i det området eg sjølv kjem frå, at det i desse miljøa er eit stort fokus på omtanke for lokalsamfunna, internasjonalt engasjement for delar av verda der folk lid naud og omtanke for miljøet og framtida. Det skjer eit stort arbeid for integrering og vert samla inn store midlar til naudhjelp med utgangspunkt i dei kristne menighetene.
Sjølv merkar eg i mitt verv som leiar i energi- og miljøkomiteen eit vesentleg miljøengasjement også frå kyrkja og andre menigheter. Dette er saker som der det politiske sentrum tradisjonelt har funne betre gjennomslag i samarbeid mot venstesida i norsk politikk enn med Høgre/Frp. La oss difor sleppe å få presentert konklusjonar om at vi ”høyrer heime” ein bestemt stad politisk ut frå livssynet vårt. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg har akkurat starta ein diktblogg, og så var eg på utkikk etter eit bilete av ein pram til eit dikt (eigentleg meir ein korttekst). Så kom eg over dette fine biletet av pramen på Vingsnesvatnet, og så lurte eg på om det var mogeleg å få bruke det som illustrasjon på bloggen min?
Elles finn eg mange vakre bilete her, frå delar av landet der eg sjølv ikkje er så godt kjend. Spanande! | null | OSCAR-2019 |
|
Spelt ein del handball opp gjennom åra som eg har planar om å halde fram med i mindre grad enn før. Turnar ein god del, som ein del av treninga, men driv ikkje konkurranse innanfor turn. | null | OSCAR-2019 |
|
Far fortalde at då han var småglunt, låg Dalmo-Jakob fleire gonger på Holand. Det var på veg til kjerka, eller når han skulle inn til Rynes eller Kulstadsjøen. Han far tykte det var ei heil høgtid når han Jakob kom, for han fortalde så mykje om krigen og hendingane i ufredsåra.
Dei hadde ein løytnant til sjef, og han var dårleg lika. Maten var kleinsleg, og lite fekk dei. Til kveldan var det graut og brennevin. Han som målte ut åt dei, hadde ein sers stor tomme, og den stakk han djupt ned i målet. På den måten stal han maten frå dei.
Så ein kveld offiserane hadde fest, passa Jakob på då løytnanten kom ut eit snarærend. Jakob gav han eit slag så han seig i hop.
Det var ein danske mellom mannskapet. Han fann seg ei øks, og steig så fram og sa at før den skuldlause skulle li for den skuldige, før skulle han hogga ned for fote så lenge han vann! - Det vart då ikkje noko av den piskinga.
Jakob Bentsson Dalmo var bror til Anders Bentsson. Anders var gift på Myrmoen. På Myrmoen var det ei kanonkula som Jakob Bentsson hadde havt med seg frå krigen. Eg såg kula. Ho var av jarn, og eit par tommar i tverrmål. Ho er no på Vefsn bygdesamling.
I krigsåra var all innførsla stoppa. Og dei små lagra av korn vart det snart slutt på. Verst var det i 1812. Då fraus kornet midt på sommaren. Den vinteren var det mange som svalt ihel. Borkbrød vart mykje bruka. Her i Drevja var det fåra (furua) på Forsfjellet og Kommerfjellet som vart berginga for mykje av bygdefolket. Dei vil ha det så til at skogen fekk slik påkjenning den gongen at han ikkje, har kome seg enno.
Legdsordninga vara fram til 1900-årsskiftet. Etter den tida vart dei fattige hjelpte på andre måtar. Dei som hadde hus og kunne stella åt seg sjølve, fekk ei lita pengehjelp. Andre vart burtsette mot betaling, til folk som hadde høve å passa dei. Det vart bygd gamleheim i Vefsn kring 1913. Då Drevja vart utskild frå Vefsn i 1927, fekk Drevja rett til å ha sine gamle dit. | null | OSCAR-2019 |
|
Den siste legdskallen eg minnest, heite Arnt Jakobsson. Han var ifrå Almli. Det var ein stor, sterk mann. Han hadde mesta all si tid rake på sjøen. Han hadde vore fangstmann i Ishavet, og hadde fare med trelast frå Arkangelsk til England. Han fortalde mange historier frå desse ferdene. Han var ein framifrå spåmann når det galdt veret. Det var sjeldan han tok feil. | null | OSCAR-2019 |
|
Eg kan ikkje utan vidare sjå noko som tyder på slektsskap ut frå dette, men truleg er det nokon med sikrare kunnskap her. | null | OSCAR-2019 |
|
Om lag sytti prosent av verdas fiskebestandar er i dag overutnytta. Dei fleste fiskeria står såleis overfor det som vert kalla «bankerottsyndromet». Omgrepet er henta frå finansverda – ei verksemd er bankerott når dei samla krava frå kreditorane overstig verdiane i buet. Slik er tilstanden for eit fleirtal av fiskebestandane i verda. Fiskarane vil ha meir fisk enn kva havet kan levere.
Det er neppe mogleg å få bukt med overfisket om ein ikkje gjer noko med trålarflåten, meiner professor Skonhoft.
– Slik det er i dag, slepp trålarane å ta samfunnskostnadane ved overfisket. Dei tek fisken, og øydelagde økosystem er ikkje deira sak. Men etter kvart som havet går frå mørkt grått til beksvart, slår dette attende på dei sjølve. Der det ikkje er fisk, er det ingenting å fiske. | null | OSCAR-2019 |
|
Kanskje inga ulempe for pasientane. For reisetida til legevakta i Strand frå Oanes, der dei evakuerte blei frakta til, er på om lag eit kvarter. Med ferje og ambulanse til Sandnes, ville reisetida til Sandnes legevakt blitt om lag det firedoble, altså ein times tid.
– Dette viser at ferja er eit kritisk punkt når det gjeld legevakta i Sandnes. Men vår legevakt ligg berre 16 minutt frå Forsand sentrum, og me hjelpte til denne gongen. | null | OSCAR-2019 |
|
Sidemålsmotstandarane høyrde me derimot mindre til enn på lenge. Rapportar frå skulevalkampen tyder på at nei til sidemål ikkje var ei like god sak som tidlegare, og Oslo Høyre let for fyrste gong på mange valkampar vera å koma med det rituelle sidemålsutspelet sitt. Sidemålsmotstand ser ut til å ha vorte ei dårleg valkampsak, og det var i det heile ikkje mykje drahjelp å få frå sidemålsmotstandarane i å gjera språk til valkamptema. Det skal me vera glade for! | null | OSCAR-2019 |
|
Erling Vidkunnsson d.e (d.f. 1183) hadde både ein son og to dotrer. Den ein dotra veit vi namnet på, og det var Ragna, gift med lagmannen for Hålogaland, Bjarne Mårdsson. At dei hadde ein son Ivar Bjarnesson, er ikkje kjent frå kjeldene. Han er truleg ein konstuksjon. | null | OSCAR-2019 |
|
Dei offentlege sjukehusa er i hovudsaka skattefinansierte. Dette medfører at sjukehusa finansierer utgiftene sine gjennom statlege overføringar. Ein alvorleg sjuk pasient som må hentast med ambulanse, blir difor teken i mot av sjukehuset sitt akuttmottak og får behandling, utan at han må betala i sjukehusdøra. Då den same personen - dagen før han vart sjuk - gjekk inn døra til bussen på veg til jobb, måtte han derimot betala for å få ta bussen. | null | OSCAR-2019 |
|
Det er ikkje triveleg å måtta dra fram dette. Det finst ei rad gode målfolk i Høgre, òg mellom stortingskandidatane, som gjer ein god jobb for nynorsken og som kjem i ei vanskeleg klemme. Men Noregs Mållag hadde svikta rolla si som interesseorganisasjon for nynorskbrukarane om me ikkje hadde peika på dette framfor eit stortingsval. | null | OSCAR-2019 |
|
Når ein pasient treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for psykisk helse eller rusproblem, er det berre å tilvise til Nordfjord psykiatrisenter. Dersom vi ikkje sjølv har turvande kompetanse, vil vi ta ansvar for å vise pasienten vidare til rette instans. | null | OSCAR-2019 |
|
Størst spaning knyter det seg no til Høgre, som den siste stortingsperioden ikkje berre har hatt eit program som seier nei til sidemål, men òg har gjort sidemålsmotstanden til ei viktig skulepolitisk kampsak. Saman med Framstegspartiet gjorde Høgre i oktober 1999 framlegg i Stortinget om å fjerna den obligatoriske skriftlege sidemålsundervisninga i den vidaregåande skulen, og etter at dette framlegget fall mot røystene til sentrum, Ap og SV, freista Høgre-byrådet i Oslo i august 2000 å få gjennomført programposten lokalt i Oslo. Det sentrale argumentet frå dei som ikkje står fram som opne nynorskfiendar, har vore at sidemålet stel mykje tid frå hovudmålsundervisninga, altså ein blåkopi av den argumentasjonen Høgre nytta mot sidemålsordninga i 1907. Og attpåtil skuldar dei målrørsla for ikkje å tenkja nytt i sidemålsspørsmålet.
Det språkpolitiske hamskiftet i Høgre er likevel langt frå fullført. Etter fire års programfesta sidemålsmotstand er det ei gryande sannkjenning i nynorskområda av at sidemålsaktivismen til Høgre er eit problem, noko som nyleg kom tydeleg til uttrykk i ein større krangel på årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre. Fleire kulturmedvitne bokmålsfolk i partiet har òg gjeve uttrykk for at dei likar det nye (eller rettare: utgamle) sidemålsstandpunktet dårleg, mellom anna ordføraren i Oslo som offentleg kritiserte sitt eige byråd i sidemålssaka i haust. | null | OSCAR-2019 |
|
Når ein ryddar litt på låven, ser ein ymse som vekkjer ein del minne frå ei enklare tid :) Her er tre ting eg såg på i dag. | null | OSCAR-2019 |
|
Oppstart, etablering eller drift av barnekor på ein stad eller i eit miljø der barnekordrift ikkje elles ville ha funne stad. | null | OSCAR-2019 |
|
Sett frå éin synsvinkel er ikkje stoda i dag så ille, og nynorsken har greidd seg bra gjennom 1990-åra. Me kan oppsummera eit viktig gjennombrot for nynorsk som opplæringsmål i dei største byane, nynorsk er styrkt som bruksmål i dei tjukkaste nynorskområda, særleg ved at næringslivet har vorte flinkare til å bruka målet, nynorsken har eit langt betre utgangspunkt for ein frammarsj på IT-feltet enn for nokre år sidan, og den opne nynorskmotstanden har iallfall ikkje vorte større. Ser me på samskipnaden, har både medlemstal og aktivitet vore stabil, ulikt mange andre liknande organisasjonar. | null | OSCAR-2019 |
|
I rolla som Kazuma kan vi vente oss meir av seriens kjenneteikn. Her blir det eit solid fokus på historie i ei opa verd der du kan gjere alt frå å gå på bar til å pryle kjeltringar i mørke bakgater. Om du ikkje heilt veit kvar du skal byrje med serien, gav Sega ut nye versjonar av dei første spela i fjor. | null | OSCAR-2019 |
|
Det som skjer med ein sj�lv eller andre menneskje i Draumeverda derimot, vert ikkje reparert av seg sj�lv. Skadar ein f�r i tel’aran’rhiod vil vere der n�r ein vakner, og om ein d�yr vakner ein ikkje i det heile.
Det er eit par ulike m�tar � g� inn i tel’aran’rhiod p�. Den vanlegaste er � konsentrere seg p� ein spesiell m�te, og sj� for seg ein stad n�r ein skal til � sove. Den staden ein visualiserer seg er den staden ein havner, n�r ein kjem inn i Draumeverda etter � ha sovna. N�r ein gjer dette, er det berre ein liten del av ein, ein del av sjela, som forlet den verkelege verda.
Ein annan m�te er � g� inn fysisk. Det gjer ein ved � lage ein Port, omlag p� same m�te som n�r ein Farer. Det vert sagt at ein mister ein liten del av sjela si kvar gong ein gjer dette, noko som er grunnen til at dei Vise ikkje gjer dette.
Om ein pr�ver � sj� p� draumane til ein person som har skjerma dei, slik Aes Sedaiar og Rand plar gjere, vil ein m�te p� ein vegg som ein ikkje kjem gjennom. Det skal vere mogeleg � bryte gjennom slike skjold, men akkurat korleis ein gjer dette veit berre nokre av dei Fortapte. | null | OSCAR-2019 |
|
for ei lita stund sidan fekk eg eit spørsmål om eg ikkje ville laga eit innlegg der folk kunne få skriva ned alt av inspirasjonskjelder dei har, og det vil eg sjølvsagt. så fyll inn absolutt alt de vil; bloggar, filmar, bøker, flickr-profilar, prosjekt, bilder, youtube-klipp! så blir dette som eit fantastisk arkiv med inspirasjon. gå gå gå! | null | OSCAR-2019 |
|
Her ligg dei viktigaste målpolitiske tekstane eg skreiv i tida mi som leiar i Noregs mållag frå 1999 til 2002. | null | OSCAR-2019 |
|
eg er ikkje egentlig nokon sitatperson, men eg elskar ord. setningar frå bøker, frå filmar, songar. dikt. noko av det finaste eg veit er frå looking for alaska av john green: | null | OSCAR-2019 |
|
eg slutta i andre semester, fekk sjølvsagt ingenting tilbake frå lånekassen men det var det verdt. for eg hadde vorte deprimert om eg ikkje hadde slutta, og det hadde kosta meg uendelig meir tid og pengar. om ein er usikker så må ein holda ut litt til for å vera sikker på at det er feil. så sluttar ein. | null | OSCAR-2019 |
|
Me føreset at Trond Giske går mot sitt eige Oslo-parti avviser søknaden frå Oslo kommune. Deretter har ein halv million nynorskveljarar krav på ei språkpolitisk avklaring frå alle parti fram til stortingsvalet. | null | OSCAR-2019 |
|
Maracas eller marakas er eit opphavleg latinamerikansk rytmeinstrument laga av ein kalebass eller liknande med eit handtak.[1] Kula er fylt med små bitar som gjev lyd når ein ristar instrumenet.[1] Maracas blir ofte brukt parvis.[1]
Det portugisiske ordet maracá kjem frå tupiordet maráka. Dette var eit rytmeinstrument som i tillegg til den vanlege maracasutforminga også kunne vera pynta med halefjører frå fuglar som araer.[2] Instrumenta kunne brukast ved seremoniar og dans.[5] Dei kunne til dømes vera ein del av rituale for å lækja sjuke.[6]
Oberhünigen er ein kommune i Bern-Mittelland i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 332 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6 km². Kommunesenteret ligg 852 meter over havet. | null | OSCAR-2019 |
|
Helse Fonna har fått avvik frå Fylkeslegen i Hordaland etter eit tilsyn med AMK-sentralen i vår, skriv adm.dir Olav Klausen. i eit innlegg i Sunnhordland. | null | OSCAR-2019 |
|
Etterpå vart det gratis, pølser, brus og marsipankake til alle. Og det vart underhaldning frå alle kommune i nærleiken. Mest inntrykk gjorde nok elevane frå Austefjorden som spelte I Dovregubbens hall med elektrikerrør og brøytestikker (!) Så fekk eg treffe og prate med vener og kjente frå begge sider av fjellet. Og snart kan eg køyre bilen min gjennom og. I dag fekk eg i staden ein fin gåtur på 7 km. Ikkje dumt det heller. | null | OSCAR-2019 |
|
– Det er så forskjellig. Vi har eit distrikt som strekker seg frå Førde sentrum til yttarst i Solund, det vil seie fem timar køyring, seier Tistel. | null | OSCAR-2019 |
|
Namnet kjem kanskje av kvinnenamnet Fjorleif. Etterleddet 'stad' tidfester garden til vikingtids alder. Garden har frå gammalt stølar på Fjærestadstølen og Hovden, begge i lii rett ovafor garden. | null | OSCAR-2019 |
|
Med litt godvilje kan me kalla dette ei tilbakeflytting tre generasjonar på etterskot. Ola, oldefar til Eli og far til Elsa, kom frå Haugen, men vart gardbrukar på Skjeret på Myklemyr. | null | OSCAR-2019 |
|
Ho skreiv romanar og noveller med emne frå samtida, historiske romaner med emne frå mellomalderen og essay og artiklar som viser eit enormt samfunnsengasjement.
Ho var leiar av Det litterære råd i Den norske forfatterforening frå 1933–35, og formann i foreininga frå 1936–1940. | null | OSCAR-2019 |
|
Når eg prøver å søkje i Felleskatalogen greier eg ikkje å finne kyrkjebøker frå f.eks. Sogn og Fjordane, bortsett frå fødselsregister. Er det eg som gjer noko feil? | null | OSCAR-2019 |
|
Evripides kom frå Phyla i Attika, og budde det meste av livet i Aten. Han studerte under Protagoras i lag med m.a. Sokrates. Rundt 408 forlet han Athen til fordel for hoffet til Arkelaos, kongen av Makedonia, der han var til han døydde.
Juan Alberto Schiaffino Villano (28. juli 1925–13. november 2002) var ein uruguayansk-italiensk fotballspelar frå Montevideo som vart verdsmeister i 1950 med Uruguay. Han var elles ein særs kreativ spelstyrar frå sin posisjon som indreløpar i Penarol og seinare på AC Milan. Schiaffino vert rekna som tidenes beste uruguaynske fotballspelar.
Frå hausten 1954 til 1960 spelte Schiaffino på det italienske storlaget AC Milan, eit lag han vann tre ligameisterskap med. Perioden 1954-58 spelte han fire landskampar for Italia, grunngjeve med at farfaren var ein utvandrar frå Liguria. I 1960 gjekk han over til AS Roma. Han la opp i 1962.
Dette var starten på ein langvarig borgarkrig mellom Guomindang og kommunistane, som reorganiserte seg på landsbygda i innlandet. Innimellom kriga begge partar også mot krigsherrar og japanske styrkar, som angreip Kina i 1931 og på ny og i større omfang i 1937. Guomindang fekk militært utstyr frå USA, og kommunistane frå Sovjetunionen. | null | OSCAR-2019 |
|
Etter Bartnes avslutta Halle Arnes frå NLR – HMS dagen med ei helsing til Årsmøtet. Arnes snakka som alltid varmt om bonden og deira helse. HMS i landbruket er viktig og NLT er glad vi har eit godt samarbeid med NLR. | null | OSCAR-2019 |
|
Arbeidarpartiet har i ei årrekkje vore blant dei ivrigaste forkjemparane for gruvedrift i Vevring i Naustdal. Sjølv om det er planlagd å dumpe overskotsmassane i Førdefjorden til protestar frå miljørørsla, reiselivet og sjømatnæringa.
FJORDDEPONI: Gruveavfallet frå fjellet skal i fjorden dersom Nooic Mining får ja til gruveplanane i Vevring.
Hans eigen fylkesnestleiar er blant dei som har snudd. Solveig Willis frå Florø understrekar at ho er for gruvedrift. Men kan ikkje seie ja til fjorddeponi.
– Ut frå eit føre-var-prinsipp så har eg landa på at deponi ikkje er noko god løysing. Privat jobbar eg i oppdrettsnæringa, så der er ein sterk skepsis til korleis det vil påverke den aktiviteten vi driv med.
– Eg er skuffa over fleirtalet i fylkesstyret som har sagt nei. Kanskje vi ikkje har fått fram fakta godt nok om konsekvensutgreiingane om sjødeponiet. | null | OSCAR-2019 |
|
– I dag seier vi at det ikkje er greitt. Det er ein nasjonal laksefjord, ein ressursrik fjord, og vi er eit av få land i verda som tillèt dette. Dette handlar om å tenke berekraftig og ikkje tenke profitt, seier Salvesen Lie. | null | OSCAR-2019 |
|
Me tapte! Blei ikkje noko snopepengar av hestaspelingå. Neste gang skal eg satse på trav! Desse galopphestane er ikkje til å stole på. | null | OSCAR-2019 |
|
Artikkelen byggjer i stor grad på stoff frå doktoravhandlinga mi, publisert som Mål og modernisering 1868-1940. Norsk målreising 2 (2011). Tidlegare versjonar av artikkelen: | null | OSCAR-2019 |
|
Ser ein på totale utslepp ein vil få frå dei forskjellige oljesandprosjekta i Canada, vil dei bidra til større utslepp enn den globale maksgrensa for togradersmålet. Det er djupt urovekkande. Og det er også grunnen til at Canada har trukke seg frå Kyoto samarbeidet og ligg milevis frå å nå sine klimamål. | null | OSCAR-2019 |
|
Våre naboar frå ytre kjem på besøk til oss for eit lokaloppgjer vi ikkje har hatt sidan 2011. Bortelaget er store favorittar og kjem frå ein sterk 3-0 siger i serieopninga borte mot Stjørdals-Blink. Hødd har også levert gode resultat gjennom vinteren mot blant anna Sogndal, Førde og Herd. Marius Hagen signerte før sesongen for laget frå Ulsteinvik og vil dermed kome tilbake til sin gamle heimearena i dette oppgjeret. | null | OSCAR-2019 |
|
Otto Falch Erikson Bisgaard, son av gardbrukar Erik Rasmusson Bisgaard på Amla i Sogndal og kona Gunhild Sophie Larsdotter Rødberg frå Sjøtun i Hafslo, vart døypt i Sogndal 27.10.1768. Han er nemnd i FT1801 i Sogndal, ugift, men vert so borte.Er det nokon som har eit tips å komma med når det gjeld lagnaden hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane | null | OSCAR-2019 |
|
Bedrifta har til ei kvar tid 10-12 lærlingar i eit godt læringsmiljø, hausten 2012 er fire av dei jenter. Stadig fleire lærlingar har bakgrunn frå kjemiprosess, men også andre kan vere aktuelle, til dømes dei som kjem frå mekanisk line. | null | OSCAR-2019 |
|
No har me ein eineståande sjanse til å skapa eit gjennombrot for nynorsk som IT-mål, men då må me ikkje endå ein gong tenkja at ’det er ikkje så farleg’ når hjelpeteksten dukkar opp på bokmål neste gong. | null | OSCAR-2019 |
|
Et av Odd Dublands maleri. Han sier om dette maleriet: Motivet er tenkt, men forestiller då oldefar og oldemor fekk måla opp Dublandseigedomen i 1864. Inger var vel ikkje fødd då. Men dei små på steinen er Ole, Olaus og Ommund. Han som står og peikar er liksom oldefar. Han ser så utolmodig ut. Det er eit slektstrekk. | null | OSCAR-2019 |